Aller første norske superhelt nr 37
av Knut R Knutsen | 29.01.2012, 16:24 |
Må innrømme at eg vart sjokka hin dagen når eg gjekk inn på Dagbladet.no og fekk lese at Noreg endeleg hadde fått sin første Superhelt. Og eg som trudde at det hadde vore publisert mellom 20 og 30 norske superheltar dei siste 30 åra. Eg veit at eg sjølv har laga ein del (men OK, der er ingen som leser seriane mine, så dei tel kanskje ikkje), men 4 store, Bjartmann og Futen må no reknast? Og Magenta. Og den stripa Bård laga. Men greit, tabloide oppslag må ein ta med ei klype salt.
Eg vart jo elles positivt innstilt med ein gong. Ein Norsk-afrikansk serieskapar (Josef Yohannes) ! Er det noko eit seriemiljø treng så er det eit mangfald med stemmer. Og dei teikningane! "Kor har denne teiknaren gøymd seg?" tenkte eg. Vel, England og Brazil, visstnok. Så var ikkje teiknaren Norsk. Gjer ikkje noko, det, eg har jobba med ein Britisk teiknar sjølv.
Så tenker eg, ein Norsk-Afrikansk seriehelt i Oslo, Ok, mykje å seie om Norsk-Afrikaneres forhold i Noreg, og kva det vil seie å både vere Superhelt og gjerne offer for litt Norsk kvardagsrasisme. Men så er settinga ein Amerikansk liksom-by. Og ein "street-level" superhelts kamp mot korrupt politi og gangstere. Den har eg lese før.
Så er den skriven på engelsk og Opphavsmannen skal ha den med seg til San Diego for å vise han fram. Der er ikkje mykje presentert av den Engelske dialogen, men her på Nettserier så har eg vel ofte nok sagt at ein skal ha eit visst nivå med engelsk før ein kan forsvare å bruke norsk istadenfor engelsk på seriane, og det mangla her i dei eksempla eg såg.
Så stussar eg litt, for den uniformen kjenner eg att. "Bruce Lee", seier Josef. "Drakta er inspirert av Bruce Lee". Akkurat, ja. Men det var ikkje det eg tenkte på. Den liknar litt på Bruce Lee sitt kostyme i eine filmen han spelte i, men den likna enno meir på noko anna. Kostymet til DC Comics sin Afrikanske framtids-superhelt Invisible Kid II (Jacques Foccart), frå 1982. Einaste forskjellen på dei to karakterane er at Invisible Kid II har ein svart vinkel over brystkassa. Det vert ikkje godt mottatt i Unaiten.
Eg vart så skuffa. Eg likar superheltar, og eg skulle gjerne ha sett ein norsk superhelt til. Men dette vart eg i litt dårleg humør av.
Enno verre vart det når eg las kommentarfeltet. Der var det møkkaspredning til alle kantar og det som var av konstruktiv kritikk drukna anten i særs tvilsame ytringar eller skuldingar om rasisme. Det var nesten slik at eg vart redd for å seie her at eg hadde ein del problemar med presentasjonen i Dagbladet.
Har andre fått med seg dette? Nokre tankar?
Del på Facebook | Del på Twitter
2 kommentarar
Frk. Blips skreiv:
Jeg ble irritert allerede av overskrifta. Snorre Bryne er sikkert en grei kar, men hjelpe og trøste. Bra tegninger, da. Tror det er det eneste positive jeg kan si om hele oppslaget.
29.01.2012, 20:39:10
Are Edvardsen skreiv:
Enig med Frk. Blips og Mr. Knutsen. Når jeg så overskriften tenkte jeg øyeblikkelig på Whiplash, superheltinnen i dominatrixdrakt, som gikk i Magnum tidlig på 90'tallet. Hun kjempet mot en fascistisk sm-stat styrt av Kristelig Folkeparti. Det var selvfølgelig norske superhelter både før og etter henne, men Whiplash er den superhelten jeg husker. Eller velger å huske :)
29.01.2012, 20:55:58